Close

Kjre alle saman!

Dei siste fem åra har vore ei eventyrleg reise for oss på Balsnes gard. Vi har fått lov til å ta i mot kjekke menneske frå heile verda, vi har samarbeidd med fantastiske kokkar som har gitt gjestane våre uforgløymelege matopplevingar, og vi har fått vise fram Nordfjord frå ytterste skjer til innerste bre.

Men alt har si tid - og no vel vi å bruke tida på familien og borna, i tillegg til dagjobbane våre. Balsnes gard tek difor ikkje bestillingar på selskap, middag og overnatting på ubestemt tid.

Vi vil halde fram med eigne arrangement i skjenkestova, så følg med på Facebooksida vår for oppdatert infomasjon om dette.

 

Tusen takk til alle som gjer Balsnes gard mogleg :)

Beste helsing Ruth, Samuel, Georg, Terese og Geir